Utleie

Kontakt ved utleige:
Thomas Pierce Tekse, mob 94282795
Loyd Jarle Hetland, mob 90925900

Saron har fleire rom som eignar seg godt til fødselsdagar, konfirmasjonar, bryllaup, minnemøte osb. Dei  kan òg leigast ut til ymse slag kurs, møte o.l.

I tillegg leiger me ut parkeringsplassar for fast parkering på dagtid måndag til fredag.

Prisar for leige av Saron, trykk her.

Matsalen

I matsalen kan det dekkast til langt over hundre menneske. Salen har vore brukt til bryllaup, konfirmasjonar, fødselsdagar, minnemøte, eksamenar og meir.

Kjøkken

Dette store kjøkkenet ligg i tilknyting til matsalen. Kjøkkenet er utstyrt med konveksjonsomn.

Peisestova

Peisestova er skild frå matsalen med eit forheng (jf. biletet frå matsalen). Stova er oppsett med småbord og ca. 35 lenestolar og eignar seg til lag med kaffi. Mange har valt å leiga peisestova saman med matsalen. Det har gjeve meir rom om det regnar. Viss ein har ei samling med middag først og kaffi og kaker seinare, er det praktisk å bruka peisestova i samband med kaffien.

Nystova

Nystova er oppsett med småbord og vel 40 lenestolar. Men det er ikkje vanskeleg å setja inn fleire stolar.

Kjøkken i nybygget

Dette kjøkkenet ligg i tilknyting til nystova. Det er nokså kompakt og er utstyrt med ein vanleg hushaldningskomfyr og eit romsleg kjøleskap. Kjøkkenet er ikkje eigna til å laga middag til store grupper, så dersom du leiger nystova til eit lag med middag, vil det vera fornuftig å kjøpa maten ferdiglaga (til dømes frå Ognatun).